RESTAURANT FLOR'N søkjer restaurantsjef & servitørar snarast!

Me søkjer etter ein dedikert restaurantsjef/hovmester på heiltid til Restaurant Flor'n & våre selskapslokaler.
Me treng og dyktige og serviceinnstilte servitørar for sesongen til drifta av vår restaurant & selskapslokale.
Meir om stillingane, arbeidsoppgåver, krav og søknadsprosess går via Temp-Team rekruttering & bemanning i Bergen ved Vibeke Mortmannsgård.

RESTAURANTSJEF på Boutiquehotell

Boutiquehotell søkjer SERVITØRAR


Store Ringheim er eit lite hotell og ein middels stor restaurant på Voss og Vestlandet. Store Ringheim Hotell og Restaurant AS er staden for dei gode opplevingane - og me er stolt medlem av De Historiske Hoteller og Spisesteder, www.dehistoriske.no
HOTELL: Vårt vesle boutiquehotell har 15 unike & særprega rom fordelt på 2 bygningar, Gardshuset og Reiskapshuset. Hotellromma er komfortable, romslege og fint restaurerte. Dei er av ulik storleik og alle romma har moderne flislagde baderom med dusj. Her er gode sittegrupper, fjernsyn, vasskokar og det du treng for ei god overnatting. Me har sjølvsagt trådlaust nett i alle våre bygningar.
RESTAURANT: Her byr me på jordnære & rustikke måltid, laga av det beste av lokale & ureiste råvarer - med fokus på den gode smaken. Restaurant Flor'n er vår a la carte restaurant, med ei tilhøyrande hagestove ute på terrassen. I tillegg nyttar me 2 andre lokale, Smalaflor'n og Tømmerstovo, til grupper/selskap/arrangement. Restauranten er kjent for å servera smakfulle måltid med særs god kvalitet - og me har gode tilbakemeldingar på bl.a. Tripadvisor. All mat er laga frå botn av, hovudsakleg frå lokal og ureist råvarer. Store Ringheim har eit eige grovkjøken for nedskjering av heile dyr og til produksjon av vår eigen gardsmat. Me har og ein hage rett utanfor døra med bær, urter, blomar og grønsaker. Vertskapet/eigarane er sjølv ute i skogen og på fjellet for å plukka bær, sopp m.m. til bruk i restaurantdrifta.
