Bryllup

Brudlaupsfeiring på Store Ringheim

border

Store Ringheim er ein perfekt stad til å halda både små og større brudlaup. Har brudlaupet over 50 gjester, så kan de få disponera heile huset utan forstyrringar av noko slag (unnateke middag til ev. hotellgjester som ikkje tek del i brudlaupet.)

I Smalaflor'n har me lagt opp til at me kan dekkja bord for inntil 90 personar, i Restaurant Flor'n inntil 45 personar og i Tømmerstovo inntil 32 personar. I sommarsesongen kan og hagestova ute på terrassen nyttast som brudlaupslokale. I desse pandemitider er her sjølvsagt redusert kapasitet med hensyn til antal personar me har lov å dekkja til i dei ulike salane. Kontakt oss for å sjekka kva som vil gjelda for aktuell dato.

Når de feirar brudlaup her hjå oss så disponerer de eit eige rom til gåver. Dette rommet kan låsast av etter dykkar ynskje og det treng ikkje ryddast før dagen etter.

Vigsla kan føregå her hjå oss på Store Ringheim, inne eller ute. Det er og andre stader i bygda vigsle kan føregå - og sjølvsagt i Vangskyrkja frå 1277, ei av dei mest romantiske kyrkjene i landet.

Me vil alltid strekkja oss langt for å gjera denne største dagen i livet dykkar til ein minnerik dag. I våre pakkeprisar er det inkludert både førebuing og møter, der me saman syr i hop eit opplegg som passar dykk perfekt. Deretter sørgjer me for at det vert ei saumlaus gjennomføring. Det skal vera sutalaust å ha eit brudlaup hjå oss.

Tunet og hagen vår gjev mange flotte bakgrunnar for brudlaupsfoto, så ta gjerne med fotografen hit og få ekstra gode minne frå ein spesiell dag i livet dykkar.

e: booking@storeringheim.no  •  t: +47 954 06 135

border

Våre bryllupspakker

border
bryllup-pixabay-1571668_web

"Skikkeleg brudlaup"

border

2 glas Kvasshovden eller husets prosecco til velkomstdrikke.

3 rettars middag, meny etter avtale. Vinpakke med utvalde vinar til middag, 4 glas inkl. dessertvin.

Kaffi og oppsett av kakebuffet med dykkar eigne kaker. I glas huset konjakk/baileys/Apal likør.

Snacks.

Betasuppe med brød til nattmat.

 

Kr. 0.000,- pr. person

 

Alle våre pakker inkluderer: Førebuande møte, eige lokale, tillaging, pynt og oppdekking med tøydukar, serviettar, blomevasar med blomar, levande ljos, lydanlegg, flygel, kokk, mat, servering, servitørar, opprydding og vask etter festen.

 

bryllup-pixabay-2081129_web

"Heilt topp brudlaup"

border

2 glas Kvasshovden eller husets prosecco til velkomstdrikke. Fingermat.

4 rettars middag, meny etter avtale. Vinpakke med utvalde vinar til middag, 4 glas inkl. dessertvin.

Kaffi og oppsett av kakebuffet med dykkar eigne kaker. I glas huset konjakk/baileys/Apal likør.

Snacks.

Saltmat eller ein god gryterett med brød til nattmat.

 

Kr. 0.000,- pr. person

 

Alle våre pakker inkluderer: Førebuande møte, eige lokale, tillaging, pynt og oppdekking med tøydukar, serviettar, blomevasar med blomar, levande ljos, lydanlegg, flygel, kokk, mat, servering, servitørar, opprydding og vask etter festen

 

bryllup-pixabay-2593723_web

"Dagen før dagen"

border

Grillfest med grilla svin og pølser, salatbuffet og brød.

Sal av drikke med og utan alkohol i baren.

De disponerer uteplass med terrasse, ei lun hagestove og hagen heile ettermiddagen/kvelden. 

 

Kr. 0.000,- pr. person

 

Alle våre pakker inkluderer: Førebuande møte, eige lokale, tillaging, pynt og oppdekking med tøydukar, serviettar, blomevasar med blomar, levande ljos, lydanlegg, kokk, mat, servering, servitørar, opprydding og vask etter festen

 

border

Bryllupssuite & overnattingsgjester

border

Hjå oss kan de leiga heile anlegget for dykkar brudlaup - med lokale for brudlaupsfeiringa og overnatting får både brudepar og brudlaupsgjester. Slik kan de få ei ekstra flott tid saman i ro og mak, utan stress - og med det skapa unike minne frå ei heilt spesiell livshending.

Me har 15 unike & særprega hotellrom i vårt vesle boutiquehotell. 6 historiske rom i "Gardshuset" og 9 meir moderne rom i "Reiskapshuset". Totalt gjev dette 33 sengeplassar. Det er mogleg å setja inn ekstraseng på nokre av romma.

"Eldhuset" er det mest spesielle rommet vårt - og er det som me nyttar som brudesuite og til romantiske opphald.

border

"Velkomen til gards til ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmerveggar, fine detaljar og ei heilt spesiell atmosfære"

e: booking@storeringheim.no  •  t: +47 954 06 135

border

Leave a Comment