Matprofil
- Me likar å laga mat av gode og ferske råvarer som me hentar mest mogeleg lokalt frå flinke produsentar som leverer god kvalitet.
- Me likar å gå i skog og fjell og sanka inn urter,sopp og bær som me brukar i maten vår
- Me likar å ha god kontroll på det me lagar så me lagar alt frå grunnen, dette gjer at me veit alt om kva som er i maten vår og me vert svært fleksible.
- Me lagar sjeldan lokale spesialitetar men me kan om de ynskjer det, me lagar helst god mat av lokale råvarer.
Kort sagt så likar me å laga mat til deg.
Lokale produsentar
- Voss Gardsslakteri leverer lam, okse og gris
- Tveite Gard leverer 2 årslagra skinke og egg
- Smalahovetunet leverer smalahove
- Skåramat leverer Skårakorv og røykte spesialitetar
- Lise Nilsen leverer urter og sopp
- Hardanger Saft og Siderfabrikk leverer eplemost, sider, eplelikør og Eplebrennevin
- Jarl Håkon Gjerde leverer frukt og grønsaker
- Store Ringheim lagar/samlar sjølv pinnakjøt, rudlepølsa, bacon, røykjekjøt, div pølser, jordbær, urter, skogsbær, sopp, diverse sirupar og ei rad andre produkt