Selskap & møter

Selskap, arrangement, møter, kurs & konferansar

border

Her hjå oss på Store Ringheim møter du ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmerveggar, fine og unike detaljar, moderne komfort og ei heilt spesiell atmosfære.

Her har me den perfekte perfekte råma om det gjeld å feira ulike livshendingar, ha samlingar, gjennomføra møter eller arrangement som kurs & konferanse.

Me tilbyr ulike pakkeløysingar ut frå type arrangement - og me strekkjer oss alltid langt for å imøtekoma dykkar ynskje og behov.

Ynskjer de å halda dykkar arrangement i fred og ro, utan andre gjester rundt? Då kan de leiga heile anlegget og ha alt for dykkar sjølve. 

• selskap • bryllup • dåp • konfirmasjon • åremålsdagar • jubileum • minnestund • vennelag • smalahovelag • lagssamlingar • bedriftssamlingar • sommaravslutningar • sommarfest • haustfest • jolabord • konferanse • kurs • møter • samlingar • workshop •

border
Storeringheimhotell_selskap_02.1

VÅRE SELSKAPSLOKALE

border

Her hjå oss på Store Ringheim møter du ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmerveggar, fine og unike detaljar, moderne komfort og ei heilt spesiell atmosfære - som byr på den perfekte råma for å feira ulike livshendingar.

Me har lokale i ulike storleikar å by på, som høver til alt frå små intime selskap til større arrangement; Smalaflor'n, Flor'n, Tømmerstovo og hagestova ute på terrassen.

BRUDLAUP

border

Store Ringheim er ein perfekt stad til å halda både små og større brudlaup. Me vil alltid strekkja oss langt for å gjera denne største dagen i livet dykkar til ein minnerik dag. I våre pakkeprisar er det inkludert både førebuing og møter, der me saman syr i hop eit opplegg som passar dykk perfekt. Det skal vera sutalaust å ha eit brudlaup hjå oss.

Me har lokale i ulike storleikar å by på - og det er mogleg å leiga heile anlegget slik at de er for dykkar sjølve.

storeringheim_selskap_bryllup_001
storeringheim_kurs_konferans_01.1

Møter, samling, kurs & konferanse

border

Nye og uvanlege omgjevnader gjev grobotn for nye tankar og perspektiv. I ei roleg atmosfære tilbyr me alt som trengs for å gjennomføra ei god samling: lokale, utstyr, mat, drikke og eventuelt overnatting i vårt boutiquehotell.

Me skreddarsyr opplegg ut frå dykkar ynskje og behov.

Smalaflor'n inntil 40 pers. • Tømmerstovo inntil 20 pers.

•Konferanse • kurs • møter • samlingar • workshop •

border