Julebord og julelunsj – Velkomen til gards!

StoreRingheim_dekorelement_svart

Me har ope for a la carte, 5-rettars meny og jolasamling kvar dag fram til 21. desember! Berre hugs å bestille bord på førehand. Sjå opningstider her.

Den lune løa på Store Ringheim gjev ei stemningsfull ramme for jolasamlinga. Av ferdige pakker kan du velja mellom jolalunsj på dagtid eller jolamiddag når mørket har senka seg. Restauranten tilbyr også 5-rettars middag og a la carte meny for dei som vil spara pinnakjøtopplevinga til jolaftan.

Velkomen til ei heilt spesiell oppleving for deg og dine!

Julelunsj

Deletallerken med varme og kalde rettar

Jolalunsj serverer me gjerne tidleg ettermiddag til dei som vil ha ei jolasamling av den meir uformelle sorten, gjerne i slutten av arbeidsdagen eller rett etter arbeidsdagen er over. I år vert det deletallerken med varme og kalde rettar i tradisjonsrik drakt. Veldig kjekt for dei som vil markera ein slutt på året men ikkje vil ha eit stort arrangement.

Tradisjonelt julebord

Gravlaks, pinnakjøt og korv

Hjå oss er tradisjonelt jolabord ein god jolamiddag med tre rettar pluss brød, smør og litt putl (apetittvekker!). I år har me gravlaksen vår til forrett, dandert på Pumpernickelbrød med creme fraiche, purre, dill og avocado. Deretter kjem pinnakjøtet vårt, laga av lokale lam, og foredla med røter i den levande kulturarven her på garden. Dette vert servert med poter, nepestappa, korv og gulrot, om nokon er redde for at det vert for lite kan me trøysta med at me tek ein runde med meir pinnakjøt, nepestappa osv så alle vert mette. Til sist har me laga Jolapærer – pærer kokt i lake som er krydra med allslags godt jolakrydder, servert med jolakrydra bringebærkompott og vaniljeis.

Julemiddag, a la carte eller 5-retters meny

Jolamiddag serverer me heilt fram til nyttår for alt frå einskildpersonar (julebord for enkeltmannsforetaket) og oppover til større eller mindre grupper. For dei som vil spara pinnakjøt-opplevinga til jolaftan kan ein også velga rettar frå a la carte menyen vår, eller slå til med ein ekstravagant 5-rettars middag.

Finn dato og reserver bord her. Skriv gjerne ein kommentar om du ynskjer 5-rettars, a la carte eller jolamat i bord-bestillinga. Grupper på over 8 personar kan gjerne kontakte oss direkte.

Korleis jolamaten vert til her på garden

Jolamaten vår er så langt råd er basert på ureiste og kortreiste råvarer. Pinnakjøtet og korven er laga på tradisjonelt vis basert på oppskrifter frå foreldre og besteforeldre på garden.

Erlend foredlar kjøtet etter tradisjonsrike oppskrifter her på garden.
Erlend foredlar kjøt frå lokale bønder

Pinnakjøt fra Voss

Pinnakjøtet er sjølvsagt røykt, men ikkje for mykje, det skal ikkje smaka bål, pinnakjøtet er laga kun av ribba slik det var etter gamalt, og kjøtet er ikkje tørka men modna / speka i stabburet vårt. Me er nøygne med å tilpassa dampetida slik at det kan gå rett frå kjelen til fatet rett før kjøtet dett av beinet.

Ekta Vossakorv

Vossakorv

Korven har me modifisert litt ved at storfekjøtet i den er erstatta med hjort sidan det er det me har tilgjengeleg. Korv på Voss er som Chorizo i Spania, ei rustikk pylsa der ein brukar tilgjengelege råvarer frå nærområdet.

Økologisk gravlaks

Gravlaksen vår er grava på tradisjonelt vis med salt, sukker, dill, sennepsfrø (og litt gin) og er på mange måtar meir jolalaks enn røykjelaksen. Villaks frå Vosso er diverre utrydningstruga så den får me ikkje bruka av lengre, men denne er i alle fall økologisk og særs god likevel!

Selskap for større grupper

Dersom ein ynskjer eit privat arrangement har me tre lokale til rådvelde:

Flor`n er ala carte restauranten vår og ligg i rommet som var flor / fjøs før. Dette er no eit koseleg intimt lokale med peis. Det er plass til 30+ alt etter korleis ein set opp borda.

Smalflor`n er det største rommet, det er kalla opp etter Smalflor`n / sauefjøset fordi deler av rommet var brukt til det før, ellers var det kornbrot, hakkesvol og ve`hus der før restaureringa. Eit nydeleg rom med synlege tømmerkonstruksjonar og kvite vegger. Her kan det vera inntil 80 personar men er også koseleg for mindre grupper frå 10 og oppover. Rommet har prosjektor og lyd om det trengs.

Tømmerstovo er sjølvsagt eit rom med tømmervegger, det ligg i andre høgda rett innanføre inngangen. Eit svært koseleg rom med rota tak og gavlvindauga. Dette rommet har interaktiv storskjerm om det er bruk for slikt. Her er det plass til inntil 32 personar.

Posta i ,