Jolabord på Store Ringheim 2026
Me lagar mat frå botnen av her på garden
Den lune løa på Store Ringheim gjev ei stemningsfull ramme for jolasamlinga. Me serverer jolamat frå 1. november – 20. desember. Velg mellom 2 og 3 retters middag.






Selskap for grupper opp til 80 personar

Dersom ein ynskjer eit privat arrangement har me tre lokale til rådvelde:
Flor`n er ala carte restauranten vår og ligg i rommet som var flor / fjøs før. Dette er no eit koseleg intimt lokale med peis. Det er plass til 30+ alt etter korleis ein set opp borda.
Smalflor`n er det største rommet, det er kalla opp etter Smalflor`n / sauefjøset fordi deler av rommet var brukt til det før, ellers var det kornbrot, hakkesvol og ve`hus der før restaureringa. Eit nydeleg rom med synlege tømmerkonstruksjonar og kvite vegger. Her kan det vera inntil 80 personar men er også koseleg for mindre grupper frå 10 og oppover. Rommet har prosjektor og lyd om det trengs.
Tømmerstovo er sjølvsagt eit rom med tømmervegger, det ligg i andre høgda rett innanføre inngangen. Eit svært koseleg rom med rota tak og gavlvindauga. Dette rommet har interaktiv storskjerm om det er bruk for slikt. Her er det plass til inntil 32 personar.
Grupper på over 8 personar kan gjerne kontakte oss direkte, slik at me kan tilpassa opplegget til nettopp deg og dine.
Korleis jolamaten vert til her på garden
Jolamaten vår er så langt råd er basert på ureiste og kortreiste råvarer. Pinnakjøtet og korven er laga på tradisjonelt vis basert på oppskrifter frå foreldre og besteforeldre på garden.
Pinnakjøt fra Voss
Pinnakjøtet er sjølvsagt røykt, men ikkje for mykje, det skal ikkje smaka bål, pinnakjøtet er laga kun av ribba slik det var etter gamalt, og kjøtet er ikkje tørka men modna / speka i stabburet vårt. Me er nøygne med å tilpassa dampetida slik at det kan gå rett frå kjelen til fatet rett før kjøtet dett av beinet.


