Drifta i sommar

I oppslaget i Hordaland var det skrive ein del om korleis me skal driva det framover sommaren. Det kan kanskje vera nyttig å presisera litt. Sidan me no startar midt i ein sesong utan at me har kunna ta opp tingingar så må me prøva på andre måtar å fylla huset, for fyllast må det. Me ligg berre ein km frå sentrum av Voss så det er freistande å prøva å ha litt «opningstider» og driva litt pub og kafe. No er me sjølvsagt klar over at det er eit tøft beite men me reknar litt ubeskjedent med at mange vil koma innom for å sjå korleis det ser ut hjå oss. Det er forøvrig ein heil del folk som spaserer forbi her kvar kveld og i helgene, kanskje ein kopp kaffi med noko godt eller eit glas med Ægir på vegen??
Me har eit oppegåande kjøken der det skal lagast god mat av råvarer som ikkje har reist for langt, om me får det til så er dette eit tilbod som saknast på Voss. Det kan verta ein del av opplegget vidare framover om det er noko folk likar og nyttar seg av.
Me skal sjølsagt som alle andre satsa litt på kurs og små konferansar, det unike med oss er dei spesielle omgjevnadane i løo og at det er stille og roleg utan forstyrringar – me ligg på landet men berre 1km frå «bydn» på Vangen. Voss ligg berre ein god time frå Bergen og det er gode forbindelsar til Oslo.
Hovudsatsinga vert nok på ulike arrangement og store dagar. Brudlaup, åremålsdagar, dåp, konfirmasjon og slikt, løa passar heilt perfekt for slikt. Ho er romsleg, god uteplass, stemningsfull – kort sagt ei perfekt råme om ein stor dag. Men me har ikkje gløymt andre arrangement slik som intimkonsertar, utstillingar og alt mogeleg som kreative sjeler her i bygda kan tenkja seg å arrangera – og her er verkeleg mange kreative sjeler! Ingenting er for lite og det skal litt til før det vert for stort 🙂
So godtfolk, skal de arrangera noko frå juni og utover så er Store Ringheim eit godt alternativ!
De kan også følgja oss på Facebook Trykk «Lik dette» så får de automatisk oppdatering når me legg ut nyhende.

http://viewer.docstoc.com/
Hordaland 19.02 side ein
http://viewer.docstoc.com/
Hordaland 19.02

Posta i