6. oktober er det klart for ei «reise i bobler» her på Store Ringheim. Reiseførar er Henning Dolve, ein matglad mann frå Voss, no buande i Trondheim, som har stor interesse for og grundige kunnskapar om vin og mat i ulike kombinasjonar. Han har vore her ved fleire høve og hatt både internkurs for oss og vinsmakingar for gjestene våre.

Fokuset har alltid vore korleis ein best skal kunna setja isaman mat og vin til ei samstemt smaksoppleving og lagar ein happening der han rundhånda deler ut både aha opplevingar og wow`ingar.

Denne gongen er det bobleverda han skal guida oss rundt i, frå Champagne på topp og nedover i litt enklare bobler. Me får smaka 4 musserande vinar frå ulike land og ein Champagne, desse skal så smakast til 3 snittar / kanapear med ulikt pålegg for å sjå om det passar eller krasjar.

Dette vert garantert spanande og nyttig – kven har ikkje ofte sote og undrast på kva vin som passar best til maten ein nett har tinga..

Eventet startar kl 18:00 og varar i to timar til kl 20:00, dei som deretter vil fortsetja ein hyggeleg kveld oppløfta på bobler er det sjølvsagt mogeleg å tinga seg bord i restauranten vår frå kl 20:15 og kanskje prøva kunnskapane i praksis.

Prisen er kr 750,- pp den omfattar smaking av 4 musserande vinar, 1 champagne, 3 kanapear og mykje god lærdom frå Henning.

Påmelding tlf: 95406135, booking@storeringheim.no eller pm på Facebooksida vår.

Vel møtt:)

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no