Ein stor dag for Restaurant Flor’n: Heider frå Falstaff Nordics

StoreRingheim_dekorelement_svart

Det er med audmjukheit og stor glede vi kan dela at Store Ringheim og Restaurant Flor’n nyleg vart tildelt heile 87 poeng i den rykande ferske Falstaff Restaurant & Bistro Guide Nordics.

Her kan du lesa meir om guiden: https://www.falstaff.com/nordics/news/restaurant-bistro-guide-falstaff-presents-1900-of-the-best-restaurants-in-the-nordics

At vi no er rangerte som ein av dei beste restaurantane i Noreg av Falstaff – det største gourmet-fellesskapet i Europa – gjer oss både stolte og rørte. For oss på Store Ringheim handlar kvar einaste dag om lidenskapen for dei gode råvarene, det gode vertskapet og dei ekte smaksopplevingane frå garden og regionen vår.

Å få ei slik anerkjenning frå publikum og fagfolk er ein stor inspirasjon for heile teamet vårt. Det stadfestar at det arbeidet vi legg ned i kjøkkenet og i serveringa kvar dag, når fram til hjarta (og ganane) dykkar.

Vi vil retta ein stor og varm takk til alle dykk som har stemt på oss, og til alle gjestene våre som vel å besøka oss her på Voss. Utan dykk hadde ikkje dette vore mogleg. Dette tek vi med oss som drivkraft vidare i arbeidet med å skapa uforgløymelege stunder rundt matbordet i Flor’n.

Hjarteleg velkomen til bords!