Gardsmat & nettbutikk

Vår vesle gardsbutikk er no endeleg på plass som nettbutikk! Her har me lagt inn nokre steikjande gode gardsprodukt (ja, me skryt no litt sjølve) – og fleire er i tjømda.

Her på Store Ringheim er me svært opptekne av bærekraft og kortreist mat. Hovuddelen av gardsmatprodukta som me lagar vert nytta i hotell- og restaurantdrifta vår. Resten av gardsmaten sel me altså gjennom vår vesle gardsbutikk, der du til ei kvar tid vil finna ei rad gode gardsmatprodukt. Dei tradisjonelle produkta våre er tufta på gamle gardsoppskrifter der me har utvikla vår eigen smaksprofil. Me prøver oss fram og utviklar stadig ein del nye produkt på kjøkenet vårt. Utvalet i gardsbutikken vår vil variera ut frå sesong.

Gardsbutikken vår finn du HER

Du tingar gardsmaten i nettbutikken vår, og får deretter ei ordrestadfesting på e-post med utleveringstidspunkt. Utlevering av bestilte varer i resepsjonen på Store Ringheim, der du betaler med kort i bankterminalen. Me har diverre ikkje anledning til å senda gardsmatprodukta våre pr.post.

Lurar du på noko? Då ringjer du oss på tlf. 954 06 135 eller du sender oss ein e-post 😊

Nettbutikken er sett opp i eit samarbeide mellom Design by Giske (design, foto & innhald) og Maota As/Datahove (publiseringsløysing & kode)

Posta i