Inne og ute

Fullt køyr både ute og inne for tida. Det byrjar sakte men sikkert å verta ferdig. For tida driv Skutle betong og legg skifer på golva, verkeleg fint vert det. Gjøstein driv og finpussar dei siste detaljane inne og skal snart kle og leggja tak på ventilasjonshuset. Vedaa røyrleggjar var innom i dag og skrudde opp litt røyrstussar og merkte opp for golvvarmen i andre høgda. Arnstein frå Horvei Elektro monterte spotlampar i taket, det vart veldig fint når dei lyste. Og ute er Skutle Betong i gang med å grovplanera hagen – og me? me driv og målar tak og vegger.
Under er litt bilete frå dagens dont.

Posta i