I år held me hotell & restaurant stengt for ordinær drift gjennom januar og februar. Me har ope for planlagde møter, kurs, samlingar, grupper og selskap – og elles på førespurnad.
Dette er den rolegaste tida på året hjå oss, så difor vil me nytta perioden til å få unna slikt som naudsynt vedlikehald, oppgraderingar av ulikt slag, planlegging av ny sesong, fagleg påfyll & inspirasjon, gardsmatproduksjon og meira til.
Me ser fram til, og gler oss, til å ynskja gamle og nye gjester velkomen attende til Store Ringheim hotell & restaurant frå fredag 1. mars 2024.
Hotellovernatting er ope for online booking, så ting gjerne ditt vinteropphald hjå oss allereie no.
For grupper & selskap, kontakt oss på telefon 954 06 135 eller e-post for førespurnad utanom våre opningstider. Velkomen heim til gards!