Jolabord & jolalunsj

Me ynskjer velkomen til vår tradisjonelle «jolahygge» i Restaurant Flor’n, der god mat & hygge står i høgsetet!

I år byr me ein smakfull 3 rettars jolamiddag der vårt heimelaga pinnakjøt spelar hovudrolla, saman med tradisjonelt tilbehør.

Kjøkenet diskar opp med ein liten forrett, hovudrett (med påfyll for dei som ynskjer det), dessert og kaffi.

Då jolamat ikkje er på ala carte menyen, så må «jolahygge» bestillast minimum dagen i førevegen. Våre «Jolahygge» er i utgangspunktet fredagar & laurdagar frå midten av november og fram til jol.

For grupper/bedrifter på meir enn 10 personar, så lagar me til eigne jolabord & jolalunsjar i Flor’n, Smalaflor’n og Tømmerstova på andre dagar og tidspunkt. Dette må bestillast i god tid om de skal vera sikra eige lokale akkurat den dagen og tidspunktet de ynskjer.

For spørsmål om eige lokale, tidspunkt og eventuell overnatting i samband med jolabord: send oss ein e-post eller ring 954 06 135.

Sjå våre hotellrom

Bestilling av bord til jolahygge i Restaurant Flor’n: e-post / 954 06 135

Posta i