«Jolahygge»

Me ynskjer velkomen til ei hyggeleg JOLASAMKOMA der mat & hygge står i høgsetet.

I år som i fjor, så byr me på ei kortreist smaksoppleving med ein 3-rettars jolamiddag i Restaurant Flor’n, fredagar & laurdagar frå midten av november og fram til jol!

Me serverer ein liten smakfull forrett, deretter hovudrett med heimelaga pinnakjøt, sprøsteikt svineribba og tradisjonelt tilbehør. Til slutt kjem vår joladessert & kaffi (og noko attåt for dei som ynskjer det).

Ynskjer ein kun pinnakjøt (eller svineribba), så fiksar me det.

Tid: Fredagar & laurdagar. Aperitif frå kl. 19.00 og bordsete frå kl. 19.30.

Pris: Kr. 690,- pr.person inkl.aperitif ( med overnatting, frå kr. 1.725,- pr.person )

Jolameny i Restaurant Flor’n må bestillast minst 1 døgn i førevegen, ved bordbestilling til booking@storeringheim.no eller telefon 954 06 135.

Me held ope for grupper/bedrifter på min.10 personar for jolalunsj & jolamiddag til andre dagar og tidspunkt etter avtale. Må førehandtingast minst 2 døgn på førehand.

Til informasjon: Me har ikkje levande musikk eller underhaldning i år. Huset stengjer kl. 02.00.

Velkomen heim til Store Ringheim hotell & restaurant for jolahygge i unike omgjevnader på Voss!

Posta i