Førjolskos med jolebord & jolelunsjar

Start planlegginga og bestill årets jolesamkoma!

Me held fram med det vellukka «jolabordkonseptet» som me har hatt dei siste åra, – og inviterer dykk til ei triveleg jolasamkoma der god mat & hygge i unike omgjevnader står i høgsetet!

Me byr på ein smakfull 3-rettars jolemiddag på Store Ringheim vis, der vårt heimelaga pinnakjøt av lokale lamb spelar hovudrolla i måltidet. Ringheimskorv og tradisjonelt tilbehør slik me har laga jolamat i bygda. Kjøkenet diskar opp med ein liten forrett, hovudrett (med påfyll for dei som ynskjer det), dessert & kaffi. God utval i ulik drykk som høver inntil.

Jolamat er ikkje er på a la carte menyen i Restaurant Flor’n, så jolemeny må tingast på førehand – og seinast dagen før.

Våre jolesamkome vil i hovudsak vera fredag & laurdagar i november og fram mot jol.

  • 3-rettar jolemeny – kr. 890,- per person
  • 3-rettar jolemeny & overnatting m/frukost – frå kr. 1.995,- per person i dobb.rom

For grupper/bedrifter på meir enn 10 personar, så lagar me gjerne til eigne jolelunsjar, jolesamlingar, jolemiddagar osv i Flor’n, Smalaflor’n og Tømmerstova på andre dagar og tidspunkt. Dette lyt tingast i god tid om de skal vera sikra eige lokale til akkurat den dagen og tidspunktet de ynskjer.

På førespurnad til grupper, så kan me laga til eit 2-rettars måltid med joletallerken (pinnakjøt & svineribbe) og dessert.

Bordtinging til jolesamkoma i Restaurant Flor’n eller i eige selskapslokale: e-post

Me har eigne «jolapakker» for dei som ynskjer å overnatta i samband med Jolakos/jolabord. Førhandstinging via booking her.

Om de er fleire som ynskjer eit opplegg saman, då kontaktar de oss på telefon eller epost.

Posta i