Detta vert høgdepunktet i haust, ein skikkeleg godbit folkens, middag på Store Ringheim med Sjur Hjeltnes som vert og underhaldar:)

Fredag 6/11 fleskar me til og lagar ein skikkeleg god fire rettars middag med sjølvaste Sjur`n som vert og underhaldar. Sjur`n er etter kvart vorte ein velkjend og ettertrakta artist og kar, kjend for glitrande flygelspel og ein underfundig og lun humor med røter både frå Ulvik og Voss. Han har også sansen for god mat og godt drikka så me må leggja oss ekstra i selen den kvelden så me ikkje skjemmer oss ut:)

Førebels program er at Sjur presenterar maten og spelar og fortel mellom slaga, dette er ikkje fast food så me kan borga for mykje godt underhald utover kvelden.

Store Ringheim er ein liten plass og for at alle skal kunna ha ein kjekk kveld er det ei grense for kor mange me har plass til så om du finn at dette absolutt er noko for deg er det nok lurt å melda eg på straks:)

Program:

Oppmøte frå 18:30 til aperitif og koseprat.

Middagen byrjar kl 19:00 og varar til ca 21:30, deretter er det tid til småprat og kos og kanskje ein tur i baren:)

 

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no