Gardsbutikken

No har me mykje godt å by på i vår vesle virtuelle gardsbutikk.

Lamb er komne til oss frå Larsastovo i Folkedal og me er i full gang med nedskjæring og produksjon av mykje godsaker. Rett som det er dukkar det også opp ein hjort eller to samt elg frå Voss og Omland alt etter kor heldige jegrane er, me reknar oss som heldige som har dette fantastiske matfatet fullt av råvarer i nærleiken

Gardsbutikken vår er framleis berre online men produkta er reelle og i år er dei betre enn nokonsinne. Me ser oss dessverre sjeldan stunder til å vera på ReKo ringen eller messer og stands men alt me har kan tingast på booking@storeringheim.no eller på 95406135 og hentast her når det passar dykk eller me kan senda det i posten om de bur lengre unna.

Lista over produkt finn de under Gardsbutikkfana på toppen, den vil verta oppdatert etterkvart som det kjem inn noko nytt eller noko vert utseld.

Akkurat no har me kampanje på utbeina og surra rå lårsteik av lokale, ureiste lamb og for dei som vil ha det litt enklare har me ferdig sous vide rosakokt lårsteik som er ferdig krydra og marinert og kvitvinsbraisert utbeina lambabog, Alt er vakuumpakka og frose.

Posta i