Nytt golv i løo

Ikkje noko nytt om byggesaka enno så i mellomtida får me fortelja litt meir om bygginga fram til no.
Etter at golva i første høgda var støypte og storkna:), var det på tide å få på plass golvet på laoen att. Om omgrepa er litt forvirrande så kan eg forklara det slik at i andre høgda i ei gamal vossaløe var det tre rom. I midten var laoen, inn i laoen kom ein via ei køyrebru – laoabruæ. På eine sida av laoen låg høybrotet der ein lagra tørrhøy og på andre sida låg konnbrotet der kodnet vart lagra.
På laoen hadde det altså vore golv men det var så dårleg at me laut riva det ned. No var tida komen til å leggja nytt og i same slengen ville me gjerne ha golv i høybrotet og konnbrotet og.

Før golvet kunne leggjast måtte det til ein del førearbeid. Tømmerveggane i konnbrotet var av løetypen, gisne og med litt luft mellom stokkane. Når det skulle leggjast råme til å festa bjelkane i måtte veggene stabiliserast. Dette vart gjort med å bora hol gjennom 4 omfar med tømmer og setja inn eit gjengejern der og skru saman desse omfara. Dette vart gjort med to meters mellomrom på kvar sidevegg. Desse samanskrudde stokkane verka no som ein dragar og kunne brukast til å halda råma for bjelkene.
Tvert over rommet var det seks meter, alt for langt til vanlege bjelkar med vanleg mellomrom. Me måtte altså bruka spesielle laminerte bjelkar kalla Kertobjelkar. Desse måtte me så leggja med 30cm mellomrom for å oppnå nok styrke og stabilitet. Litt dyr løysing men alternativet hadde vore ein dragar eller to under golvet og det var det rett og slett ikkje plass til for takhøgda sin del.

Deretter var det rett fram med å leggja råme på veggen og deretter festa bjelkene på denne før det vart lagt sponplater oppå. Me brukte spesielle sponplater der det var frest ned spor klar til å leggja vassrøyr for vassboren varme.

Dette arbeidet gjekk føre seg høgvinters i år i sprengkulde. Så kaldt og ufyse var det at snikkarane evakuerte til ein varmare oppdragsstad til det vart litt mildare att. Det er ikkje så veldig effektivt å snikra når ein er kledd opp som ein teddybjørn og har så tjukke vottar at ein trygt kan slå seg på tommelen med hammaren.

Posta i