Nyttårsaftan 2024
Skrive av Svein | desember 2024
Me ynskjer velkomen til vårt tradisjonelle «Nyttårsgilde» og ei triveleg nyttårsfeiring på Store Ringheim! Hjå oss står mat & hygge i høgsetet med eit ekstragavant måltid i godt lag, der me markerer avslutninga av året 2024!
Kvar Nyttårsaftan slær me oss lause og lagar ein uforgløymeleg kveld for gjestene våre. Det er ikkje snakk om stor pomp og prakt eller svingande festing, tvert imot, her hjå oss står kos og mat i høgsetet.
Me pyntar Restaurant Flor’n (og/eller Smalaflor’n) og løa i stemningsfull nyttårspynt, fyrer i peisen og lyser opp med levande ljos og kosemusikk på anlegget slik at alt ligger til rette for å koma i godlag.
Utover heile ettermiddagen held me på og førebur oss til årets mest ekstragavante middag, laga på dei beste delene av råvarene me har fått inn gjennom hausten. Akkurat kva som kjem på menyen denne kvelden, eller kor mange rettar, ja det veit me ikkje i skrivande stund. Men at det vert minimum 5 ekstragavante rettar, putl, pluss, pluss …
Program for kvelden brukar å vera nokolunde som dette;
NYTTÅRSGILDET startar klokka sju med noko nydeleg sprudlande frå Ulvik til aperitif i resepsjonen og ein halvtimes småprat med kjende og ukjende.
Klokka halv åtte sig me inn i ein varm og lun Restaurant Flor’n, som er nyttårspynta for kvelden. Med fyr i peisen, og med noko god lokal drikka i glaset, så set me oss til bords og er klare for ei skikkeleg god matoppleving.
Ei spanande vinpakke til nyttårsgildet ja det har me sjølvsagt ein plan om. Me har elles både god lokal drykk av ulikt slag, både med og utan alkohol å by på. Når servitørane har fått skjenka i glasa dykkar, ja då er me klar for den fyrste forretten …
Sånn ein fem, seks rettar pluss putl, ja da tek si tid. Men me skal no klara å koma i mål i god tid før midnatt. Når maten er fortært og ein sit god og mett, då vert kaffien servert medan praten flytt lett mellom gjestene som no gler seg over at me kan feira på tradisjonelt vis att.
So, sånn litt før tolv lagar Svein klar fyrverkeriet. Når klokka slær tolv tek me med oss eit glas med bobler og går ut på terassen og hagen. Der ynskjer me einannan «Godt Aor og Takk Fø da Gamla», medan fyrverkeriet sprakar tilvers både hjå oss og utover bygda. Da e sjølvsagt fint ver:)
Programmet vårt er ferdig etter oppskyttinga av fyrverkeriet.
Likar du god mat og kan tenkja deg å feira nyttår hjå oss, ja då tingar du bord via e-post eller på telefon til resepsjon/restaurant 954 06 135.
Pr. idag har me ledige rom for langvegsfarande. Sjå meir her på heimesida vår kva me har ledig.
- Nyttårsgilde inkl. aperitif, kaffi & Nyttårsprosecco, kr. 1195,- pr.person
- Nyttårsgilde inkl. aperitif, kaffi & Nyttårsprosecco & overnatting, frå kr. 2258,- pr.person i dobbeltrom
Me gler oss til å sjå dykk og feira saman!
Helsing Jorunn, Svein & resten av staben