Restaurant Flor’n; haust & nye opningstider

Frå sundag 1. oktober endrar me opningstidene i Restaurant Flor’n.

Ein kjekk, hektisk og lang sommarsesong er no over for denne gong. Frå sundag 1. oktober er me over i haust- & vintersesongen, – og med det endrar me dei faste opningsdagane i vår a la carte restaurant.

Frå 1. oktober og fram til 22. desember;

Onsdag – laurdag, kl. 17.00 – 23.00.

Kjøkenet stengjer for nye bestillingar kl. 21.00.

Som alltid så held me ope for grupper på minimum 10 personar til andre dagar og tidspunkt.

Dette gjeld etter avtale og når det vert tinga minimum 2 døgn på førehand.

Send oss ein e-post eller ring oss på tlf 954 06 135.

«Jolabord» & jolalunsjar startar me med i november, sjå eige sak her under aktuelt.

Posta i