Sesongstart hotell & restaurant!

Fredag 1. mars opnar me dørene att for ein flunkande ny sesong – og me ser fram til å ynskja våre gjester attende til Store Ringheim hotell & restaurant.

I Restaurant Flor’n byr me på smakfulle rettar, laga av sesongens beste råvarer. Menyen vår er ikkje stor og den vil skifta med jamne mellomrom. Her vil alltid vera både kjøt & fisk på menyen. Vegetar, allergen osv… gje beskjed, så tilpassar me sjølvsagt dette. I restauranten vår nyt du mat & drikke i ei unik og roleg atmosfære. A la carte menyen for mars er no klar, og denne finn du her under Restaurant Flor’n. For at alle gjester skal få ei best mogleg oppleving hjå oss, så har me bordtinging. Førebels kun pr. telefon eller e-post, men ei online bookingløysing er i kjømda.

Møter, kurs, konferanse eller firmasamlingar? Nye og uvanlege omgjevnader gjev grobotn for nye tankar og perspektiv. I ei roleg atmosfære her på Store Ringheim tilbyr me alt som trengs for å gjennomføra ei god samling: lokale, teknisk utstyr, mat, drikke og eventuelt overnatting i vårt boutiquehotell. Våre lokale og møtepakker dekkar dei fleste behov, og me tilpassar gjerne desse ut frå dykkar ynskje og behov. Kontakt oss for førespurnad om ledige datoar for lokale & overnatting og dei ulike møtepakkene våre.

Unike lokale for ditt selskap & arrangement! På Store Ringheim møter du ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmerveggar, fine og unike detaljar, moderne komfort og ei heilt spesiell atmosfære – som byr på den perfekte råma for å feira ulike livshendingar. Nokre datoar til våren og sommaren er allereie tinga, men me har framleis plass til fleire – både på vekedagar og helger. Kontakt oss for førespurnad om ditt arrangement.

Velkomen heim til gards til ein ny sesong på Store Ringheim, staden for dei gode opplevingane!

Helsing Erlend, Jorunn, Svein og resten av staben på Store Ringheim

Posta i