Store Ringheim er kåra til eit av dei beste hotella i Norge

StoreRingheim_dekorelement_svart

Vi er stolte og glade over å vera rangert i Falstaff Hotel Guide Nordics 2026 – ein av dei mest respekterte hotellguidane i Norden.

Med 80 poeng, tildelt av Falstaff sine lesarar og ekspertjury, er Store Ringheim Hotell løfta fram blant dei beste hotella i landet. Det er ei anerkjenning vi tek imot med varme og audmjukheit.

For oss handlar det om det enkle og ekte: god mat frå eigen gard, rom med sjel og eit vertskap som tek seg tid. At gjester og fagfolk merkar det, betyr mykje.

Du finn oss no i Falstaff Hotel Guide Nordics 2026 – i trykk, i appen og på falstaff.com.

Hjartleg takk til alle som har bidrege med omtalar og tilbakemeldingar!

Posta i ,