Uteplass

No er omsider revidert søknad om parkeringsplass innlevert med lovnad om kjapp sakshandsaming so no er det nett før.
Men me har tjuvstarta litt – nedom låven, der det var ein fin plen, har no gravemaskinene kome på plass. Plenen er historie, planen er å helleleggja denne fine staden slik at ein kan gå rett ut frå løo og ha ein god stad å vera, eller til uteservering på fine dagar. Det er ei fantastisk fin utsikt her og verkeleg lunt inne i kroken uansett vind, så dette skal verta bra.
Uteplassen vert laga etter standard oppskrift – fjerna matjord og skrapmasse, fylla på pukklag, retta opp og ta høgder, runde med hoppetussa, leggja ut singel, ny runde med hoppetussa, finavretta, støypa etc – så langt er me straks ferdige med å leggja på singel. Støyping vert det om eit par veker.
Me skal halda dykk oppdaterte 🙂

Posta i