Utstilling av Kari Ekaas

Etter fire år med Sveinung Iversen sine fantastiske bilete var tida komen til å byta utstilling.

kari-pa-ringheim2kari-pa-ringheim3 kari-pa-ringheim1

Ny utstillar er Kari Ekaas, her med fantastiske akvarellar frå livet i hønsegarden, der ein heilt klart kan dra parallellar til våre eigne hønsegardar, og også med eit utval oljemåleri.

Kari Ekaas er frå Ålvik, busett i Øystese og har atelier der.

Tre år i lære hos Alf Småland (bildande kunstnar og treskjærar) komposisjon og fargelære.

Fargelære, dekor og blomstermaling med Wand Clappham USA

Teknikk og komposisjon med Kari Unn Paye, Astri Sævland.

Studie i akt og kroki.

Delteke på Vossaskulen for bildande kunst og maleskulen på Il’de Re i Frankrike.

Ellers så likar ho best å gå eigne vegar.

Kari har sans for humor, likar hurtige strek, noko som kjem godt fram i hønseflokken hennar. Høns som vert menneskelegjort. Så vær vaken på kva som er hane eller høne (han eller ho).

Maler akvarell og akryl der ho bruker oppbyggingsteknikkar med sand.

 

Så er det opp til auga som ser. Har du humor i overkant vil du lett følje med. Likar du litt mystikk får du kikke litt på huldrene (akrylbileta)

Posta i