
Valentinefeiring på Store Ringheim
Skrive av Svein | februar 2025




Det kan vel knapt finnast ein betre stad for eit romantisk opphald eller ein romantisk middag enn på Store Ringheim / Restaurant Flor`n. Hotellet og restauraten ligg i eit gamalt tun der fleire av bygningane er monaleg eldre enn den noverande eigarfamilien si ca 250 årige soga på garden. Ein tek eit steg inn i tidlegare tider der alt stress og kav me har i dag ikkje høyrer heima.
Her kan ein finna ro og fred, feira med med auga berre for kvarandre utan støy og forstyrringar. I høve Valentinhelga legg me til rette for ekstra romantiske omgjevnadar me å laga ein skikkeleg god fem rettar middag + litt ekstra og litt ekstra kos på rommet for dei som tingar eit valentinopphald
Opplegget er slik:
- Valentinmiddag enten 14. eller 15.02. Dette er ein fem rettar middag basert på gode råvarer, mellom anna ureist kjøt frå Voss. Me brukar å skriva «++» som tyder at det kjem kanskje litt til enn kva som er skrive. Denne startar med litt lokale bobler til aperitif kl 19:00 før ein set seg ved eit fint bord klar til å nyta kvelden kl 19:30. Deretter kjem maten rett etter rett i følgje med god drikke, enten ein no velgjer ei av vinpakkene våre eller plukkar frå vinlista. Det er berre å kopla ut stress og kav i hovudet, sjå kvarandre djupt i augo og kosa seg.
Dette kan tingast på booking@storeringheim.no eller på 90869340
- For dykk som ikkje bur på Voss har me laga ei god pakke med overnatting i superior dobbeltrom og Valentinmiddagen slik den er skildra ovanføre. I pakka ligg også litt bobler og slikt på rommet ved ankomst.
Dette kan tingast på (Romantisk opphald) eller ved direkte kontakt på booking@storeringheim.no eller tlf 90869340.
Hjarteleg velkomne til alle turtelduer der ute