Vettùr pao Voss

Velkomen heim til gards til eit triveleg vinteropphald hjå oss på Store Ringheim! Me har sett saman nokre kjekke vinterpakker med overnatting, bobler på rommet, 5-rettars smaksmeny i Flor’n og ein skikkeleg god hotellfrukost.

På dagtid, og nokre kveldar, kan du stå på ski – både oppøve, nedøve eller bortøve. Eller kanskje du heller berre vil finna roen ute på tur i naturen? Vår vene bygd har mykje å by på, alt frå natur, ulike aktivitetar, kultur og handel.

På kvelden kan du senka skuldrene, nyta roen og freden i det gamle gardstunet vårt. Kosa dykk med sprudlande hardangersider på rommet før de tek føre dykk av alt da goda Restaurant Flor’n har å by på. Ro, sjelefred og hygge er stikkorda hjå oss!

Vårt vesle boutiquehotell ligg sentralt i bygda, men ikkje midt i sentrum, så det kan vera drygt å gå. Me hentar dykk gjerne på Voss stasjon om de kjem reisande med toget.

Våre vinterpakker frå kr. 1995,- per person i dobbeltrom inkluderer:

• Overnatting med hotellfrukost

• Oppgradering av rom ved ledig kapasitet

• 1 flaske bobler, sprudlande Kvasshovden sider, på rommet

• 5-rettars smaksmeny i Restaurant Flor’n.

Sjekk tilgjengeligheit/bestilling vinterpakke

Posta i