20241221_122322

Vinter på Store Ringheim Hotell

Skrive av Svein | januar 2025

border

Vinteren er komen og me har ein lang og god skisesong framføre oss.

 Store Ringheim Hotell ligg sentralt på Voss 1 km frå sentrum i eit roleg og fint landbrukslandskap, ein kan faktisk spenna på seg skina og gå ein skitur i nærområdet om ein vil det.

Store Ringheim er eit lite sokalla Boutique Hotell med 15 rom totalt, alle er ulike og ligg i det tidlegare hovudhuset på garden og i redskapshuset. Romma er romslege og vel utstyrte, alle har baderom med dusj, WiFi, smartfjernsyn, vannkokar osv. Romma kan de sjå her: https://storeringheim.no/#

Store Ringheim Hotell har også ein svært god restaurant, Restaurant Flor`n, som har spesialisert seg på mest mogeleg bruk av lokale og ureiste råvarer. Den er open heile året, i sommarmånadane fast opningstid og i lågsesongen etter førehandstinging. Me tilrå å tinga opphald med Halvpensjon.

Frukost buffeten er også noko for seg sjølv, alt pålegg unnateke osten og silda er produsert på garden, så som skinker, pølser, rudlepylsa, mortadel, gravlaks, røykjelaks, syltetøy osv. Noko å gleda seg til.

 Ellers ligg hotellet berre 5 min køyring frå www.vossresort.no  enten ein no vil ta Gondolen eller starta i Bavallen. Voss Tur og Skisenter, https://www.skivoss.no/  med milavis med oppkøyrde tur og langrennsløyper ligg gode 15 minutt unna og www.myrkadalen.no ligg 25 minutt unna. Ein må sjølvsagt ikkje gløyma Vossafjella som har uendelege mogelegheiter for både krevjande og lette Randonee`turar.

For dei som ynskjer litt hjelp kan me tilrå samarbeidspartnaren vår, www.wildvoss.no som tilby guida turar i alle kategoriar Topptur Ski – Wild Voss

 «Presentasjon av Wild Voss

Wild Voss leverer personlige, aktive og ansvarlige opplevelser i fri natur nær Voss. Deres mål er å skape turglede for friluftslivsinteresserte både sommer og vinter. Om vinteren kan du bli med dem på skiopplevelser med guide, trugeturer eller et bredt utvalg av skredkurs. Om sommeren arrangerer Wild Voss fotturer i fjordnaturen, klatrekurs og klatreopplevelser.

Wild Voss spesialiserer seg på turer med små grupper der alle deltakerne er sikret et tilpasset opplegg med tett oppfølging. Den lokale ekspertisen og kompetansen til deres instruktører og guider gjør dem i stand til å skape opplevelser som gir deltakerne trygghet og mestringsfølelse.

Deres rike helårstilbud av turer og kurs kan lett tilpasses grupper av ulike størrelser. Wild Voss har flere års erfaring med å skreddersy turopplegg og kursformater som passer for bedriftsgrupper, familier eller vennegjenger.»

Det som skil Voss frå andre vintersportsstader er at Voss faktisk er ein liten by med mykje å ta seg til på ein uversdag, Voss ligg også sentralt i høve ei utflukt til fjordane eller ein tur til Bergen som berre ligg 1t og 15 min med tog unna.

Beste staden å booka er via www.storeringheim.no eller få best pris ved å kontakta oss direkte på booking@storeringheim.no

Posta i