Merk at ein treng EU- eller EØS-statsborgarskap for å søkje her. For tida har me følgande ledige stillingar:
Kjøkkensjef
Restaurantsjef
Meir informasjon om stillingane får du ved å kontakta Svein, fyrst og fremst på e-post. Du kan og ringa resepsjonen og spyrja etter Svein. Om du er ein av dei som kan passa inn i Store Ringheim familien, så avtalar me ein samtale snarast.
Store Ringheim er eit lite hotell og ein middels stor restaurant på Voss og Vestlandet. Store Ringheim Hotell og Restaurant AS er staden for dei gode opplevingane - og me er stolt medlem av De Historiske Hoteller og Spisesteder.
HOTELLET
Vårt vesle boutiquehotell har 15 unike & særprega rom fordelt på 2 bygningar, Gardshuset og Reiskapshuset. Hotellromma er komfortable, romslege og fint restaurerte. Dei er av ulik storleik og alle romma har moderne flislagde baderom med dusj. Her er gode sittegrupper, fjernsyn, vasskokar og det du treng for ei god overnatting. Me har sjølvsagt trådlaust nett i alle våre bygningar.
RESTAURANT FLOR'N
Her byr me på jordnære & rustikke måltid, laga av det beste av lokale & ureiste råvarer - med fokus på den gode smaken. Restaurant Flor'n er vår a la carte restaurant, med ei tilhøyrande hagestove ute på terrassen. I tillegg nyttar me 2 andre lokale, Smalaflor'n og Tømmerstovo, til grupper/selskap/arrangement. Restauranten er kjent for å servera smakfulle måltid med særs god kvalitet - og me har gode tilbakemeldingar på bl.a. Tripadvisor. All mat er laga frå botn av, hovudsakleg frå lokal og ureist råvarer. Store Ringheim har eit eige grovkjøken for nedskjering av heile dyr og til produksjon av vår eigen gardsmat. Me har og ein hage rett utanfor døra med bær, urter, blomar og grønsaker. Vertskapet/eigarane er sjølv ute i skogen og på fjellet for å plukka bær, sopp m.m. til bruk i restaurantdrifta.
Me ser etter deg som er serviceinnstilt, er arbeidssam og likar å arbeida med menneske. Me har ikkje kundar, me har gjester. På Store Ringheim skal alle våre gjester skal kjenna seg som heime og behandlast som din personlege gjest. Difor er og språk viktig. Du bør kunna forstå, og aller helst gjera deg forstått på norsk, i tillegg til å beherska det engelske språket. Andre språk er sjølvsagt eit pluss, men ikkje noko krav.
Send oss ein søknad med oppdatert CV.
Spørsmål? Kontakt oss