STORE RINGHEIM HOTELL

border

Velkomen heim til Store Ringheim hotell & restaurant, staden for dei gode opplevingane. Store Ringheim er eit lite Boutiquehotell med 15 unike & særprega rom i "Gardshuset" og "Reiskapshuset". Me er stolte medlemer av "De Historiske Hotell- og Spisesteder".

 

Hotellromma i vårt boutiquehotell er komfortable, romslege og fint restaurerte. Dei er av ulik storleik og alle romma har moderne flislagde baderom med dusj. Her er gode sittegrupper, fjernsyn, vasskokar og det du treng for ei god overnatting. Me har sjølvsagt trådlaust nett i alle våre bygningar.

Alle overnattingar i vårt vesle boutiquehotell inkluderer sjølvsagt ein god heimelaga frukost i rolege omgjevnader i Flor'n.

Innsjekk frå kl. 16.00 til kl. 20.00, utsjekk innan kl. 12.00. 

GARDSHUSET med 6 historiske hotellrom

border

I eit tilsynelatande grått og slite gardshus har me 6 unike og historiske hotellrom. I det gamle Gardshuset frå 1860, er tømra synleg og romma har fått namn etter kva dei heitte før då huset var våningshus for to generasjonar.

Trass i at det er eit gamalt tømmerhus, så har me lukkast nokolunde bra med lydisolering. Så det er ikkje spesielt lytt i huset når det gjeld stemmer, men det kan vera litt lytt når det gjeld fottrinn.

”Eldhuset”, som er den gamle årestova frå 1600-talet, er det mest spesielle rommet - perfekt for eit romantisk opphald. Her har mange generasjonar levd sine liv i glede og sorg, så her sit mykje i historie i veggane. Eit rom som ikkje finns andre stader. I tillegg har Gardshuset 2 doble juniorsuiter, 2 doble superiorrom og eit 4-sengs rom på loftet.

Treng de skyss frå Voss stasjon? Me hentar/bringar etter avtale med hotellbussen vår (gje beskjed ved booking) 

REISKAPSHUSET med 9 moderne hotellrom

border

Det gamle Reiskapshuset frå 1980-talet, vart bygd om og teke i bruk som hotell vinteren 2017. Her har me 9 moderne hotellrom i ein god storleik, alle innreia i same stil som resten av hotellet.

Hjå oss skal du kjenna deg som heime, difor har romma i Reiskapshuset alle fått namn etter fjella ikring oss her på Voss. I Reiskapshuset har me 6 doble superiorrom og 3 dobbeltrom.

Treng de skyss frå Voss stasjon? Me kan henta/bringa etter avtale med hotellbussen vår.

NB. Transport må førehandsbestillast, så gje oss beskjed ved booking. 

border

Her på Store Ringheim er me opptekne av miljøet - og oppmodar gjestene våre til å bruka mest mogleg miljøvenleg transport opp til oss. Kjem de til Voss med tog, så kan me henta/bringa dykk i hotellbussen vår (gje beskjed ved booking). Frå Voss Stasjon i sentrum går buss 964 retning Bavallen. Denne kan stoppa i krysset til Mølstervegen, då er det 5 min å gå opptil garden. Det er og mogleg å gå hit, det er ein spasertur på omlag 25 minutt frå sentrum. Om de kjem med bil eller motorsykkel, så har me ein stor  gjesteparkering på oppsida av tunet. Her er parkerer du gratis medan du er gjest hjå oss.

border

STORE RINGHEIM APARTMENT

border

Nytt hjå oss! Som eit supplement til dei 15 hotellromma våre, så har me no 5 leiligheter for utleige for både korte og lange opphald. Villa Solberg ligg i Voss sentrum omlag 5 min i bil frå Store Ringheim, medan siste tilskotet Villa Hjadlane ligg rett nedom Store Ringheim. Sjå kartbilete for oversikt og plasseringa til dei ulike apartment husa våre.

All booking for overnatting, både hotell & apartment, er no samla i eitt felles bookingsystem.

Innsjekk, nøklar og utsjekk i resepsjonen hjå Store Ringheim hotell & restaurant. 

Innsjekk frå kl. 16.00 til kl. 20.00, utsjekk innan kl. 12.00. 

Store Ringheim hotell og apartment_kart_web_01.3

VILLA HJADLANE med 2 leiligheter

border
I midten av juni 2023 vart endeleg vårt siste tilskot i Store Ringheim Apartment, Villa Hjadlane, klart for utleige.
Dei 2 nyrenoverte leilighetene ligg i 1. og 2. etasje i huset. Leiligheta i  hovudetasjen er litt større enn den oppe i 2. etasje. Begge har 2 soverom og alt du treng for eit triveleg opphald. Leiligheten i 2. etasje har soverom nr. 2 ute i trappegangen. Fleire bilete av leilighetene kjem snart på plass.
Villa Hjadlane har adresse Hjellane 2 og ligg rett nedom Store Ringheim hotell & restaurant. Leilighetene her vert utleigd som vanleg sjølvhushald, men med moglegheit for å kjøpa frukost på hotellet.
NB. Deler av huset er framleis under renovering. Det kan difor til tider vera ein del "rot" både ute og inne, samt noko støy på dagtid når handtverkarane arbeider i huset.

VILLA SOLBERG med 3 leiligheter

border
I Villa Solberg har me 3 nyrenoverte leiligheter for utleige gjennom Store Ringheim Apartment. Villa Solberg ligg sentralt til i Lundarvegen 15B, med ei flott utsikt over Vossevangen og Gråsida. Frå huset er det kun 5 minutt å gå ned til torget, omlag 20 minutts spasertur opp til Store Ringheim og 5 minutt i bil. 
Leilighetene i Villa Solberg vert utleigd som sjølvhushald.
border