Boutique-hotel: "REISKAPSHUSET"

Det gamle Reiskapshuset frå 1980-talet, vart bygd om og teke i bruk som hotell vinteren 2017. Her har me 9 moderne hotellrom i ein god storleik, alle innreia i same stil som resten av hotellet. Hotellromma i vårt boutiquehotell er komfortable, romslege og fint restaurerte. Dei er av ulik storleik og alle romma har moderne flislagde baderom med dusj. Her er gode sittegrupper, fjernsyn, vasskokar og det du treng for ei god overnatting. Me har sjølvsagt trådlaust nett i alle våre bygningar.