Påske & pinnakjøtkveld

i Restaurant Flor’n, skjertorsdag 28. mars kl. 19.00.

Ingen påske utan påsketradisjonar – og i år kjem vår tradisjon endeleg attende; nemleg «Pinnakjøtkvelden» på skjertorsdagen!

Dette var kvelden der ein frå gamalt av skulle eta opp siste rest av pinnakjøtet som var laga til jol. Gjennom fleire år har me arrangert pinnakjøtkveld i påsken her på Store Ringheim. Men så kom den der kjedelege pandemien de veit, der me ikkje kunne invitera til slike kjekke kveldar lenger. Og etterpå, ja så har det berre vorte med tanken. Men no er me klare til å ta opp att vår påsketradisjon med pinnakjøt og alt so høyre med, med både god drykk og stemning i Flor’n skjertorsdag i påsken!

Me serverer denne kvelden ein tradisjonell middagsmeny: Nydeleg pinnakjøt av lamb frå Larsastovo med Ringheimkorv, nepestappa og poter. Ekstra pinnar til dei som er ekstra svoltne og so avsluttar me med måltidet med ein god heimelaga dessert & kaffi. Det vert ikkje vanleg a la carte denne kvelden.

• Pinnakjøtmiddag & dessert til kr. 650,- pr. person.

Bordtinging på e-post eller telefon 954 06 135.

Avgrensa antal plassar, så det kan vera smart å tinga bord raskt.