Samle laget i inspirerande omgjevnader
I dei unike konferanselokale våre på vene Voss får laget ro til å samlast og tenkje klart. Med moderne fasilitetar i historiske omgjevnader, lokalmat frå eige kjøken og personleg vertskap, legg vi til rette for inspirerande samlingar og kreative verkstadar som gir varig verdi.
Book heile hotellet - eksklusivt for di bedrift
Ha heile hotellet uforstyrra, berre for deg og di gruppe! Den service-innstillte staben vår får du sjølvsagt med - dei passar på at du alltid har det du treng for å få maks ut av opphaldet på Store Ringheim Hotell og Restaurant.
Voss står samla – klar for store grupper!
På Voss samarbeider lokale aktørar for å skape sømlause og minneverdige opplevingar for større grupper. Sjekk ut Visit Voss sin bedriftsportal, til dømes konseptet Strategisk topptur viser korleis større grupper kan få oppleva det beste av Voss ved å kombinera opplevingar både på Store Ringheim og Elva Hotell.
Boutiquehotellet vårt har 15 unike rom med totalt 33 sengeplassar - i tillegg til leire leiligheiter med enkel- og dobbelrom i gå-avstand. Me ordnar gjerne skyss frå og til Store Ringheim ved bruk av andre hotell - utan ekstra kostnad.