Aktuelt og nyhende frå oss
Osafestivalen – ei helg med musikk, røter og råskap
Kombiner musikk og dans på Osafestivalen med ro og komfort på hotellet. Her får du ei oppleving med overnatting i særprega omgjevnader, og du får avslag på pass til ein heilt unik festival.
Kurs og konferanse på Voss
I dei unike konferanselokale våre på vene Voss får laget ro til å samlast og tenkje klart. Med moderne fasilitetar i historiske omgjevnader, lokalmat frå eige kjøken og personleg vertskap, legg vi til rette for inspirerande samlingar og kreative verkstadar som gir varig verdi.
Julebord og julelunsj – Velkomen til gards!
Den lune løa på Store Ringheim gjev ei stemningsfull ramme for jolasamlinga. Her kviler fleire hundre år med historie i veggene – ei påminning om jolefeiring, fellesskap og tradisjonar som lever vidare i ny drakt. Sjå pakker og bestill her!
Store Ringheim er eit familiedrive hotell og restaurant med rike tradisjonar på Voss. Me er opptekne av å dela opplevingar med høg kvalitet frå den vakre norske landsbygda. Med historisk sjarm og moderne komfort ønskjer me deg velkomen med ekte gjestfridom, slik at du kjenner deg heime—i rolege og stemningsfulle omgjevnader.
SELSKAPSLOKALE

Her hjå oss på Store Ringheim møter du ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmerveggar, fine og unike detaljar, moderne komfort og ei heilt spesiell atmosfære - som byr på den perfekte råma for å feira ulike livshendingar.
Me har lokale i ulike storleikar å by på; Smalaflor'n, Restaurant Flor'n, Tømmerstovo, samt vår trivelege hagestove ute på terrassen gjennom sommarsesongen.


Møter, samling, kurs & konferanser

Nye og uvanlege omgjevnader gjev grobotn for nye tankar og perspektiv. I ei roleg atmosfære tilbyr me alt som trengs for å gjennomføra ei god samling: lokale, teknisk utstyr, mat, drikke og eventuelt overnatting i vårt boutiquehotell.
Me har ulike møtepakker som dekkar dei fleste behov, og me skreddarsyr gjerne desse ut frå dykkar ynskje og behov.
Smalaflor'n inntil 40 pers. • Tømmerstovo inntil 20 pers.
OVERNATTING - leiligheter

Gjennom Store Ringheim Apartment har me 5 leiligheter for utleige. Desse er eit supplement til dei 15 hotellromma våre på Store Ringheim.
Villa Solberg med 3 store leiligheter ligg sentralt til i Lundarvegen 15B, Voss sentrum. Eit steinkast nedom Store Ringheim, i Hjadlane 2 har me Villa Hjadlane med 2 store leiligheter. Utleige som sjølvhushald, korte og lange opphald, minimum 2 netter.

GÅVEKORT

Gode opplevingar skapar gode minne - og er ei perfekt gåve til alle anledningar! Kva er då betre enn eit gåvekort på ei hotellovernatting og/eller ei smaks-oppleving i Restaurant Flor'n?
Me har våre eigne fysiske gåvekort for sal i resepsjonen. Du kan og kjøpa gåvekort til bruk hjå oss via Givn eller De Historiske.
