Nyttårsfeiring 2025/2026

StoreRingheim_dekorelement_svart

Me avsluttar året med ei fantastisk nyårsfeiring! Me skal nyta aperitif og ein ekstragavant 5 rettars nyttårsmeny der kokken har ingen begrensingar. Fyrverkeri og nyttårsbobler på terrassen, med utsikt over vossabygda.

Feiringa for 2025/2026 er straks fullbooka – ta kontakt på booking@storeringheim.no for å sjekke om ledig plass.

Kvar Nyttårsaftan slær me oss lause og lagar ein uforgløymeleg kveld for gjestene våre. Me pyntar restauranten og løa i stemningsfull nyttårspynt, fyrer i peisen og lyser opp med levande ljos og kosemusikk på anlegget slik at alt ligger til rette for å koma i godlag.

Utover heile ettermiddagen held me på og førebur oss til årets mest ekstragavante middag, laga på dei beste delene av råvarene me har fått inn gjennom hausten.

Klokka 19 er me i gong med velkomstdrink og deretter set me oss til bords. Her nyt me minimum fem ekstravagante rettar før me ved midnatt feirar det nye året inn med fyrverkeri, håp og glede.

Me gler oss stort og vonar du vil feira saman med oss! Prisen på 1350,- per person inkluderer også fyrverkeri og Prosecco (evt alkoholfritt alternativ).

Bilete frå tidlegare forberedelsar

Nydelege dekorasjonar høyrer med til forberedelsane. Bilete frå resten av kvelden har me ikkje, du må rett og slett vere her for å oppleve det <3