Hotellrom i Gardshuset

Boutique-hotel: "GARDSHUSET"

StoreRingheim_dekorelement_svart

Det gamle Gardshuset er samansett av "Eldhuset frå 1600 talet" og lemstovo frå 1860 til samman 6 unike historiske hotellrom. Her er gode sittegrupper, fjernsyn, vasskokar og det du treng for ei god overnatting. Me har sjølvsagt trådlaust nett i alle våre bygningar.

Unike hotelrom

Alle rom er komfortable, romslege og fint restaurerte. Dei er av ulik storleik og alle har moderne flislagde baderom med dusj.  ”Eldhuset” er det mest unike rommet - perfekt for eit romantisk opphald. Her har mange generasjonar levd sine liv og det sit mykje historie i veggane. Gardshuset har 2 doble juniorsuiter, 2 doble superiorrom og eit 4-sengs rom på loftet.

border