Nytt golv i løo 2



Me hadde opprinneleg tenkt at andre høgda i svolene skulle kunna nyttast til noko, t.d. galleri. No viste det seg at etter at golva var støypte så vart det så som så med takhøgda nede. Me måtte flytta golva opp eit stykkje på tømro for å få 2,60m i høgd nede, som vel er minimum i eit så stort rom. Dette førte til at det vart for lågt under taket i svolene til at me kunne bruka dei til det me hadde tenkt, så spørsmålet vart om me skulle ha golv der i det heile. Etter ein del vurdering landa me på at me ville ha golv, me tykte at rommet nede ville verta litt «rart» med tak i midten og ope rundt, men også fordi me såg at me kom til å trengja lagerrom. Litt tronge lagerrom vart det men alt er betre enn ingen lagerrom og når ein byggjer om eit så gamalt hus som er planlagt til heilt andre ting må ein vera førebudd på kompromiss – mange kompromiss.

Posta i