Kvar Nyttårsaftan slær me oss lause og lagar ein uforgløymeleg kveld for gjestene våre. Det er ikkje snakk om stor pomp og prakt eller svingande festing, tvert imot, her hjå oss står kos og mat i høgsetet.

Me pyntar restauranten og løa i stemningsfull nyttårspynt, fyrer i peisen og lyser opp med levande ljos og kosemusikk på anlegget slik at alt ligg til rette for å koma i godlag.

Utover heile ettermiddagen held kokkane på og kokar og steikjer og førebur seg til årets mest ekstragavante middag laga på dei beste delene av råvarene me har fått inn gjennom hausten. Her er indrefilet av Vossalam, indrefilet av hjort, hummar frå Sunnhordland, poter frå Bergsdalen og så vidare, her er det «ittno knussel», sjå berre menyen nedanføre.

Gildet startar i 7 tida med champagne til aperitif i resepsjonen og ein halvtimes småprat med kjende og ukjende før ein sig inn i ein nyttårspynta restaurant der eit lite bål logar lunt i peisen, set seg fint ved borda og er klar til ei matoppleving.

Me har laga ei god vinpakke til dei som ynskjer det eller eit utval med god alkoholfri drikke til dei som ynskjer det, servitørane skjenker og så er det klart til første forretten..

Sjå heile menyen her:

Nyttårsmeny

 

Røykt og grilla indrefilet av Vossalam med grønkål. Krema  geitost og valneter

Pasjonsfruktgrava kveite, aspargesbønner, jordskokkchips og bringebærkuli

Hjortafilet, Bergsdalspoter steikt med kantarell frå Vossaskogane, grøn asparges og grilla paprika.

Liten pause:)

Norsk Hummar gratinert med Vossasmør og urter servert med heimalaga grissini

Molteis laga på stølsmolter med jordbærskum av Ringheimsjordbær og myntekuli

Kaffi

Sånn ein fem seks rettar tek si tid, men me er ferdige i god tid før midnatt. No når maten er fortært og ein sit god og mett med eit lite glas til kaffien flyt røda lett mellom folk og borda, gamle bånd vert styrka og nye knytte.

Så, litt før tolv lagar Svein klar fyrverkeriet. Når klokka slær tolv går alle ut på terrassen der me skjenker prosecco eller alkoholfritt og ynskjer einannan «Godt Aor og Takk Fø da Gamla» medan fyrverkeriet sprakar tilvers både hjå oss og utover bygda. Det er sjølvsagt fint ver:)

Og no er alle vorte bestevener og pratar som ein hadde kjent einannan heile livet, så praten går livleg til kvelden endar i to tida.

Likar du god mat og kan tenkja deg å feira nyttår slik er det berre å melda seg på via booking@storeringheim.no eller 95406135.

Det er også fleire rom ledige for langvegsfarande.

Pris for heile gildet: kr 895,- pp born 3-12år halv pris.

Pris overnatting (2 pers i delt dobbeltrom) kr 1890,- per person

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no