Store Ringheim Apartment

Nytt hjå oss! Som eit supplement til dei 15 hotellromma våre, så har me no 5 leiligheter for utleige for både korte og litt lengre opphald. Villa Solberg i Voss sentrum, medan siste tilskotet Villa Hjadlane er lokalisert rett nedom Store Ringheim.

Villa Solberg i Lundarvegen 15B har 3 store leiligheter. Huset er nyrenovert, og alle leilighetene er ljose og moderne – og fullt utstyrt med alt som trengs for eit komfortabelt opphald. I Villa Hjadlane med adresse Hjellane 2, vil me no få 2 flotte leiligheter til utleige frå 1. juni (booking er opna)

Me arbeider å samla all overnatting, både hotell & apartment, gjennom felles bookingsystem. Dette håpar me at me har på plass om kort tid. I mellomtida kan booking av leiligheter ordnast via e-post og Booking.com (Villa Hjadlane) / Airbnb (Villa Solberg).

Les meir om våre leiligheter under overnatting her.

Posta i