Planlegginga er byrja å verta litt meir intens den siste tida. På bileta ser de at me har hengt opp «liksomvegger» for å sjå korleis det vert og korleis det fungerer. Me har tenkt å ha enkle kvite vegger rundt i svolene og andre stader for å understreka den gamle løa. Den gamle løa skal visa slik ho var med grove tømmervegger og grinder. Det vil sikkert verta ein del «tilpassingar» men i hovudsak trur me det vert slik som planlagt.
I går hadde me representantar for blikkenslagarfirmaet og firmaet som bereknar ventilasjonsanlegget, samt byggmeister og arkitekt på besøk. Bakgrunnen var at det var vanskeleg å finna plass til maskineriet til ventilasjonsanlegget innandørs og det var vanskeleg å integrera det utandørs – gamle bygningar er som regel ikkje enkle.
Etter eit par timar fundering og meiningsutveksling fann dei likevel ei råd, det vert bygd eit lite påbygg på vestre enden av løa som skal husa maskineriet, neppe ideelt estetisk sett men minst av alle «onder».
I løpet av neste veke vil det også verta starta opp arbeid på uteplassen og kloakkgrøfta så endeleg er me i gang att.

Kortid me er ferdige er nok for tidleg å sei.

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no