Lemmen

"Lemmen" finn du i 2. etasje i det gamle Gardshuset frå 1860. I dette huset har ikkje romma noko romnummer, då me har kalla dei opp etter kva dei vart kalla før i tida. Bestemor budde på "Lemmen" - og dette var hennar si stove.
I dag er "Lemmen" ei stor flott juniorsuite med synlege tømmer og historisk sus i veggane, ei herleg atmosfære og sjølvsagt moderne komfort. Dette rommet har peisomn, sofagruppe, eit lite spisebord og eit stort flislagt bad. Her kan de verkeleg slappa av, nyta livet og utsikta over fjella ikring oss.
- Dobbel juniorsuite
- Sofagruppe
- Salong
- Peis & elektrisk oppvarming
- Moderne baderom med dusj & toalett
- Vannkokar og eit utval av te/kaffi
- TV
- Trådlaust nett
- Dagleg vask & rydding
Me har ikkje kjøleskåp/minibar på rommene. • Det er ikkje lov å ta med kjæledyr på rommet.
e: booking@storeringheim.no • t: +47 954 06 135
