Ledige stillingar

Me treng fleire hender i sommarsesongen!

StoreRingheim_dekorelement_svart

Det går fort mot vår - og med det starten på ein ny kjekk "sommarsesong" med mange gjester frå fjern og nær.

Me treng difor fleire arbeidsvillige og serviceinnstilte medarbeidarar på laget på Store Ringheim!

SERVITØR - restaurant & selskap

StoreRingheim_dekorelement_svart

Me treng fleire servitørar til Restaurant Flor'n og våre selskapslokale i tidsrommet mai til september. 

Me har ulike stillingsstorleikar, då me har behov for fleire hender på ulike tidspunkt gjennom ein sommarsesong med restaurantgjester, grupper på lunsj, konfirmasjonar, brudlaupsfeiringar og andre selskap/grupper.

Me ser etter deg som er serviceinnstilt, likar å selja, er arbeidssam og pliktoppfyllande og at du likar å arbeida med menneske i eit til tider hektisk miljø. Det er ein fordel om du har noko erfaring frå servitøryrket, men det viktigaste er at du har ei interesse av å arbeida i servicebransjen - og er villig til å læra.

Me har ikkje kundar, me har gjester. Alle våre gjester skal kjenna seg som heime hjå oss - og behandlast som din personlege gjest.

Språk er difor eit viktig moment i stillinga som servitør. Du bør kunna forstå, og aller helst gjera deg forstått på norsk, i tillegg til å beherska det engelske språket. Andre språk er sjølvsagt eit pluss, men ikkje noko krav.

REINHALDAR - hotellrom

StoreRingheim_dekorelement_svart

Me treng hjelp til reinhald av våre 15 hotellrom i tidsrommet mai til september. 

Me ser etter deg som er serviceinnstilt, er arbeidssam og pliktoppfyllande, likar å arbeida med menneske - og ikkje minst ha det reint og ryddig rundt deg!

Arbeidet består i hovudsak av reinhald av våre 15 hotellrom i Gardshuset og Reiskapshuset. I tillegg kan det koma litt førefallande arbeide.

Me har ikkje kundar, me har gjester. Alle våre gjester skal kjenna seg som heime hjå oss - og behandlast som din personlege gjest.

Kva som er ditt morsmål er ikkje så viktig, så lenge du kan kommunisera litt på norsk eller engelsk med våre gjester (og oss). Det aller viktigaste er at du er interessert i å gjera ein god jobb og at du er serviceinnstilt. 

Me set ekstra stor pris på om du er busett i bygda og at du er litt fleksibel. Me ser både etter deg som ynskjer å arbeida heile sommarsesongen, eller berre deler av den.

Meir informasjon om stillingane får du ved å kontakta Svein, fyrst og fremst på e-post. Du kan og ringa resepsjonen og spyrja etter Svein. Om du er ein av dei som kan passa inn i Store Ringheim familien, så avtalar me ein samtale snarast. 

StoreRingheim_dekorelement_svart

Store Ringheim er eit lite hotell og ein middels stor restaurant på Voss og Vestlandet. Store Ringheim Hotell og Restaurant AS er staden for dei gode opplevingane - og me er stolt medlem av De Historiske Hoteller og Spisesteder.

HOTELLET

Vårt vesle boutiquehotell har 15 unike & særprega rom fordelt på 2 bygningar, Gardshuset og Reiskapshuset. Hotellromma er komfortable, romslege og fint restaurerte. Dei er av ulik storleik og alle romma har moderne flislagde baderom med dusj. Her er gode sittegrupper, fjernsyn, vasskokar og det du treng for ei god overnatting. Me har sjølvsagt trådlaust nett i alle våre bygningar.

RESTAURANT FLOR'N

Her byr me på jordnære & rustikke måltid, laga av det beste av lokale & ureiste råvarer - med fokus på den gode smaken. Restaurant Flor'n er vår a la carte restaurant, med ei tilhøyrande hagestove ute på terrassen. I tillegg nyttar me 2 andre lokale, Smalaflor'n og Tømmerstovo, til grupper/selskap/arrangement.  Restauranten er kjent for å servera smakfulle måltid med særs god kvalitet - og me har gode tilbakemeldingar på bl.a. Tripadvisor. All mat er laga frå botn av, hovudsakleg frå lokal og ureist råvarer. Store Ringheim har eit eige grovkjøken for nedskjering av heile dyr og til produksjon av vår eigen gardsmat. Me har og ein hage rett utanfor døra med bær, urter, blomar og grønsaker. Vertskapet/eigarane er sjølv ute i skogen og på fjellet for å plukka bær, sopp m.m. til bruk i restaurantdrifta.

StoreRingheim_dekorelement_svart
StoreRingheim_dekorelement_svart

Me held alltid augene opne etter dyktige menneske som ynskjer å arbeida i servicebransjen - og som kan passa inn hjå oss på Store Ringheim. Dette gjeld faste stillingar i ulike storleikar, ekstrahjelp over ein periode eller sesongarbeide.

Me ser etter deg som er serviceinnstilt, er arbeidssam og likar å arbeida med menneske. Me har ikkje kundar, me har gjester. På Store Ringheim skal alle våre gjester skal kjenna seg som heime og behandlast som din personlege gjest. Difor er og språk viktig. Du bør kunna forstå, og aller helst gjera deg forstått på norsk, i tillegg til å beherska det engelske språket. Andre språk er sjølvsagt eit pluss, men ikkje noko krav.

Send oss gjerne ein open søknad der du skriv litt om deg sjølv og kva du kan bidra med. Legg og ved ein oppdatert CV.

Spørsmål? Kontakt oss

StoreRingheim_dekorelement_svart