Villa Hjadlane – leilighet 1.etasje

Stor leilighet med 2 soverom i 1. etasje i Villa Hjadlane

StoreRingheim_dekorelement_svart
I midten av juni vart vårt siste tilskot i Store Ringheim Apartments, Villa Hjadlane, klar for utleige. I fyrste omgang med 2 store leiligheter. Villa Hjadlane har adresse Hjellane 2, som er rett over bakkane frå Store Ringheim hotell & restaurant.  Sjå plassering på bilde med kartoversikt lenger nede på sida.

Den nyrenoverte hovudleiligheten i 1. etasje er lys, romsleg og moderne. Leiligheten har 2 soverom, med plass til 4 personar. Soveromma vert innreia med kvalitetssenger  og gode overmadrasser for ei god natts søvn. Begge soveromma har dobbelseng, der både sengetøy og håndklær er inkludert i leigeprisen. Alt med hotellstandard.
Den store stova vil er ljos og triveleg, med komfortable møblar, fleire sittegrupper, tv og sjølvsagt gratis Wifi inkludert. Kjøkenet er fullt utstyrt med det ein treng for eit komfortabelt og hyggeleg opphald. Spiseplass på kjøkenet. Stove og kjøken har store vindauge med flott utsikt. Utgang til veranda frå stova, ein perfekt plass til å nyta ettermiddagskaffien.
Badet i leiligheten nyrenovert med fliser på golv og veggar, dusj, vask, toalett og vaskemaskin.
Felles inngang med leilighet i 2. etasje på oppsida av huset. Parkering for 1 bil i tunet. Ingen kjæledyr.
Leilighetene i Villa Hjadlane vert utleigd som vanleg sjølvhushald, men med moglegheit for å kjøpa frukost på hotellet mot tillegg.
Booking av leiligheter i Villa Hjadlane via vårt bookingsystem her på vår heimeside, eller ved å kontakta oss på e-post. Innsjekking og nøklar i resepsjonen hjå Store Ringheim hotell.
NB. Deler av huset er framleis under renovering. Det kan difor til tider vera "rot" både ute og i yttergangar, samt noko støy på dagtid når handtverkarane arbeider i huset. 
StoreRingheim_dekorelement_svart
Store Ringheim hotell og apartment_kart_web_01.3
StoreRingheim_dekorelement_svart