Villa Solberg – leilighet 1.etasje

Stor leilighet med 3 soverom i 1. etasje i Villa Solberg

StoreRingheim_dekorelement_svart
I Villa Solberg har me 3 leiligheter for utleige gjennom Store Ringheim Apartments. Villa Solberg ligg sentralt til i Lundarvegen 15B, med ei flott utsikt over Vossevangen og Gråsida. Frå huset er det kun 5 minutt å gå ned til torget.

Denne nyrenoverte leiligheten i 1. etasje er lys, romsleg og moderne. Leiligheten har 3 soverom, med plass til 6 personar. Soveromma er innreia med kvalitetssenger  og gode overmadrasser for ei god natts søvn. Dei to største soveromma har dobbelseng, medan det minste har to enkle senger. Sengetøy og håndklær er inkludert i leigeprisen. Alt med hotellstandard.
Den lyse og trivelege stova har komfortable møblar, fleire sittegrupper og Tv med chromecast. Her er og ein vedovn. Kjøkenet har ein god spiseplass og er ellers utstyrt med alt som trengs for eit komfortabelt og hyggeleg opphald. Stove og kjøken har store vindauge med flott utsikt. Utgang til stor veranda frå kjøkenet, den perfekte plassen å nyta morgonkaffien. 
Leiligheten har ellers eit stort bad med dusj, vaskemaskin, vaskemiddel m.m., gang og vindfang.
Gratis Wifi og parkering for 1 bil i gata ved huset. Ingen kjæledyr.
Pr i dag har me kun booking av leiligheter i Villa Solberg via e-post og/eller Airbnb.
Me arbeider med å samla all overnatting, både hotell & apartment, gjennom eit felles bookingssystem.
Dette håpar me at er på plass om ikkje lenge. 
StoreRingheim_dekorelement_svart
StoreRingheim_dekorelement_svart