Stor leilighet med 2 soverom i 2. etasje i Villa Solberg

I Villa Solberg har me 3 leiligheter for utleige gjennom Store Ringheim Apartments. Villa Solberg ligg sentralt til i Lundarvegen 15B, med ei flott utsikt over Vossevangen og Gråsida. Frå huset er det kun 5 minutt å gå ned til torget.
Denne nyrenoverte leiligheten i 2. etasje er lys, romsleg og moderne. Leiligheten har 2 soverom, med plass til 4 personar. Soveromma er innreia med kvalitetssenger og gode overmadrasser for ei god natts søvn. Det største soverommet har ei dobbelseng, medan det minste har to enkle senger. Sengetøy og håndklær er inkludert i leigeprisen. Alt med hotellstandard.
Den lyse og trivelege stova har komfortable møblar, ein hyggeleg sofakrok, Tv med chromecast og spiseplass med utsikt over Vossevangen og fjella i kring oss. Kjøkenet er godt utstyrt med alt som trengs for eit komfortabelt og hyggeleg opphald.
Leiligheten har inngang i hovudetasje med ein stor gang og trapp opp til 2. etasje. Baderom med toalett, dusj og vaskemaskin i 1. etasje, medan det er eit toalett oppe i 2. etasje
Gratis Wifi, og parkering for 1 bil i gata ved huset. Ingen kjæledyr.
Pr i dag har me kun booking av leiligheter i Villa Solberg via e-post og/eller Airbnb.
Me arbeider med å samla all overnatting, både hotell & apartment, gjennom eit felles bookingssystem.
Dette håpar me at er på plass om ikkje lenge.
Obs. Denne leiligheten er leigd ut t.o.m. 31. august 2023. Kontakt oss på e-post for utleige etter denne dato.

