Villa Solberg – leilighet kjellar

Stor leilighet med 2 soverom i kjellar/sokkel i Villa Solberg

StoreRingheim_dekorelement_svart
I Villa Solberg har me 3 leiligheter for utleige gjennom Store Ringheim Apartments. Villa Solberg ligg sentralt til i Lundarvegen 15B, med ei flott utsikt over Vossevangen og Gråsida. Frå huset er det kun 5 minutt å gå ned til torget.

Denne nyrenoverte sokkel/kjellarleiligheten er romsleg og moderne. Leiligheten har 2 soverom, med plass til 4 personar. Soveromma er innreia med kvalitetssenger  og gode overmadrasser for ei god natts søvn. Det største soverommet har ei dobbelseng, medan det minste har to enkle senger. Sengetøy og håndklær er inkludert i leigeprisen. Alt med hotellstandard.
Den lyse og trivelege stova har ein komfortabel hjørnesofa, ein god lenestol og Tv med chromecast. Kjøkenet er romsleg og er godt utstyrt med alt som trengs for eit komfortabelt og hyggeleg opphald. Her er og ein eigen spiseplass på kjøkenet. Stort baderom med dusj, toalett, vask, vaskemaskin og plass til klestørk.
Leiligheten har eigen inngang på nedsida av huset. Flott utsikt over Voss sentrum, Songvesåsen, Vangsvatnet og Gråsida. Gratis Wifi. Ingen kjæledyr.
Pr i dag har me kun booking av leiligheter i Villa Solberg via e-post og/eller Airbnb.
Me arbeider med å samla all overnatting, både hotell & apartment, gjennom eit felles bookingssystem.
Dette håpar me at er på plass om ikkje lenge. 
StoreRingheim_dekorelement_svart
StoreRingheim_dekorelement_svart