Før restaureringa sto løo nett som ho hadde gjort når siste dyret forlet bygningen året før. Som de ser av bileta var det rimeleg trongt og skite der inne. Løo var tilpassa dei endra hauste og konserveringsmetodane for gras ved at det var sett inn siloar i høybrot og kornbrot. I nord hjørnet var det støypt ein solid betongsilo. I tillegg var det ein stall og ein smalflor inne i løo i første høgda, desse var svært dårlege og ihopsigne. På eine biletet ser de oppsida av løo der smalflorveggen er på veg til å siga ut.
Det verste med tilstanden var igrunnen taket, alle dei store hellene var på sig og eit år tidlegar ramla det ned ei svær helle som havne langt uti tunet, det var skremmande. Taket hadde legje der sidan 1860 og i tillegg hadde omlegginga til silo gjort at det vart meir fukt inne i løo og sperrer og åkar byrja å rotna.

Me sat altså med eit hus som var byrja å verta fårleg på den eine sida og som var heilt utdatert og ubrukeleg på den andre sida, noko måtte gjerast. Me såg det slik at me hadde to val; riva eller restaurera. Riva hadde vore det enklaste og heilt sikkert rimelegaste, men det er rart med slike gamle hus som har prega tunet i nesten 150 år, det er vanskeleg å skilja seg av med dei. Me var også så smått byrja å ta fram att gamle planar om å starta med ei eller anna form for utleige eller turisme og såg på løo som ein mogeleg ressurs i so høve og. Bygget er også heller spesielt i nasjonal samanheng, det er ei vossaløe som stort sett berre har vore bygd i indre strøk av Hordaland på Voss og i Granvin og Ulvik. Før var det slike på kvar ein gard medan dei no er vortne heller sjeldne og det er ingen som so langt har bygt om ei slik til servering/forsamlingslokale.
Så valet vart restaurering.
Me søkte på STILK midlar og fekk det og så gjekk me i gang.

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no