Store Ringheim er ein gard på Voss ein god kilometer frå sentrum mot Bavallen. Ringheimsnavnet er gamalt, antakeleg frå jarnalderen, og tydinga er uviss. Namnet Ringheim høyrer i dag til fem gardar på Voss med fleire bruk og ein by i Tyskland. Garden vår er ein av dei gardane og ligg fint til rett under Hagahaugen med eit fantastisk utsyn over bygda.
Garden kom inn i slekta i 1778 då tipp,tipp oldefar Johannes kjøpte garden av presten Jens Bergendahl, før det var han driven av forpaktarar for ulike presteenkjer på Voss.
Garden var fram til notida sine store omveltingar i landbruket driven som ein tradisjonell større Vestlandsgard med korn, kyr, sauer, gris og hest. Her var og ein liten eplahage og humlagard.
Som de ser så set badnabodne pris på litt bær hjå Best´n og Mormor : )
Denne omlegginga førte naturlegvis til det vanlege dilemmaet på gardar i våre dagar – mange hus står tomme og må vedlikehaldast, kva skal me gjera med dei?

Men me var vel eigentleg ikkje komne lenger for me kunne ikkje bruka huset til noko nyttig sjøv om det no var vorte trygt og vil stå sikkert og godt i nye 150 år.
Deretter vart ideen fødd – me vil bruka ho til samlingslokale og serveringsstad. Ein slik stad i nærleiken av sentrum har me og mange med oss sakna og me ser at tunet og løo vår har stort potensial til å verta ein stad der mange vil trivast.
Me er komne så langt at bygget er prosjektert, rammeløyve vert søkt i desse dagar og prosjektet er finansiert gjennom Innovasjon Norge og Voss Sparebank.
Denne bloggen vil no først og fremst handla om prossessen så langt og den daglege dont og utfordringar vidare fram gjennom bygging og innkøyring til opning til neste vår. Me vonar at mange vil følgja oss på ferda.
Posta i Nyhende