fyrverkeri

Nyttårsmeny 2016

Nyttårsaftan på Store Ringheim er spesiell og må opplevast. Det er ikkje snakk om stor og pompøs feiring med dans og leven, nei me satsar på å laga ein uvanleg koseleg kveld for familiar og andre som vil ha ei roleg og koseleg feiring. Det er ikkje aldersgrense.

Me startar med ein sprudlande aperitif kl 19:00 der gjestene for kvelden kan møtast og småprata litt. Deretter vert det bordseta og ein fem rettar Nyttårssupè sett saman av lokale råvarer. Sjå berre her:

Forrett 1

Innpakka mousse av akevittgrava laks med fermentert raudbeteskum og pasjonsfrukkuli

Forrett 2

Speka hjortehjarta med steikt skogssopp og broccolikrem

Hovudrett 1

Steikt breiflabbfilet med tomatrisotto og graskarsaus

Kvilerett

Overrasking

Hovudrett 2

Hjort Wellington med honningsteikt pastinakk, rosenkål og portvinssaus

Dessert

Gateau Marcel med nyttårssorbet og jordbærskum

Kaffi / te

Maten er vel ferdig slik i 22:30 tida, deretter vert det tid til prat og kos eller verta kjend med dei andre gjestene før midnatt kjem og alle ser på fyrverkeriet og skålar for neste år med prosecco eller eit alkoholfritt boblealternativ.

Prisen for gildet er kr 690,- inkl aperitif og nyttårsprosecco. Me har avgrensa med plassar til dette så om det freistar er det lurt å tinga med det førsteJ

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no