Gardsbutikk

Lokal mat

border

Her er byrjinga på gardsbutikken der de vil finna ei rad gode produkt me har utvikla her på Store Ringheim, både trauste, tradisjonelle produkt etter gamle gardsoppskrifter og andre gode ting. Me brukar kjøt frå Larsastovo Gardsslakteri eller vilt frå Voss og Vestlandet og lagar produkta våre med så lite  tilsetjing som mogeleg som regel berre salt, sukker og pepar. Den viktigaste ingrediensen er faktisk tolmod, for det må ein ha skal det verta god mat:)

Produktliste

Tilbod no og ut november - Utbeina surra lårsteik av lokale lamb 1-2kg pr pakke kr 190 pr kg

Same lårsteika krydra og sous vide kokt kr 290,- pr kg, 1-2kg pr pakke

Sous vide kokt i min 12 timar så den er ferdig rosa inni.

Utbeina bog som er braisert i kvitvin og urter, vakuumert med sky kr 290 pr kg, 1-2kg pr pakke

Braisert i kvitvin over natta, ekstremt møyrt, saftig og gjennomsteikt med sky i posen til saus.

Pinnakjøt av Vossalam frå   kr 395/420,- pr kg (420 gjeld oppskore kjøt)

Laga av lammesider utan rygg,nakke og svange, salta, røykt og modna (ikkje tørka) Vatnast ca ein time, dampast 3,5t

Rudlepylsa (Lammerull) av Vossalam  Kr 580,- pr kg

Laga av lammesvangar, salt og pepar, røykt og kokt.

Speka villhjort  Kr 395,- pr kg

Laga av villhjort frå Hordaland (Jegergodkjend), salta, røykt og deretter modna minst 3 mnd.

Speka hjortepølse kr 375,- pr kg

Laga av villhjort frå Hordaland og svin etter den gamle måten med mjølkesyregjæring, kun salt og kjøt.

Speka ytrefilet av gris  kr 315 pr kg

Laga av ytrefilet av gris og litt salt. Røykt. Nydeleg skinkesmak med moderat med salt, topp til salatar eller flatbrød.

Bacon røykt på orreved kr 250,- pr kg, pakningar på +/- 0,5kg

Røykt Villaks  Kr 490 pr kg

Vossakorv etter gamal oppskrift frå garden kr 220,- pr kg

Laga av lamb og hjort, potemjøl, salt og pepar samt lite grann muskat, korven er røykt og kokt, treng kun oppvarming før servering.

Røykjekjøt av lambahals eller bog kr 195,- pr kg

Perfekt til raspekaker/komler, røykjekjøt med pota og nepa eller grynasupan.